mandag 8. september 2008

Livet består av øyeblikk, nyt dei...

Kan verden bli flottare ? Dette bilde er tatt i kveld kl. 20:25 frå riggen der eg jobba. Sjøen er nesten speilblank, temperaturen ca.20 grader.





Om nokon lurte, ja eg tatt fram att strikkepinnane. Det er haust, i alle fall på kalendaren. Enno er resultatet ikkje noko å vise fram, men det kjem....



Ha ei flott veke alle som er innom.

lørdag 6. september 2008

Tankar ein lørdagskveld.


Teller du år blir livet kort,

teller du dager, går livet fort.

Teller du timer, varer livet en stund,

men lengst varer livet

om du nyter hvert sekund.

onsdag 3. september 2008

Langhelg.......



Nok ei flott helg på hytta er over, her er ein plass der alle trives, også rosene. Sjølv om hjorten gjorde sitt beste med nedskjæring sist haust, og no i vår, så er desse rosene utruleg frodige.
Denne helga hadde eg besøk av ei veninne, og vi koste oss stort.






Natt til tirsdag blei det store nedbørsmengder, til glede for alle som no har tomme brønnar. Men å gå tur kan gi like store utfordringar, om ein ikkje brukar fantasien.







Tid til handarbeid blei det også. Det meste av dagen var vi "utomhus". Naturen og god-veiret må nyttast så lenge ein kan.

fredag 29. august 2008

Ferdig............

Så er dei ferdig, 2 små brikker. Med forstørrelseglas påmontert vanlege briller gjekk det nokolunde greit. Prøvde først å bruke glasa på progresive briller, men det vart berre tull.
All ære til den som har komt på ideen med slike forstørrelseglas. Har prøvd andre variantar, men blir liksom ikkje heilt fornøgd med tilstanden då.
Så spørs det kva motakaren synes, brikkene skal være gave til min sønn,s svigerforeldre "over there".

Ha ei fin helg, alle som er innom. Eg skal tilbringe den på hytta.

søndag 24. august 2008

Hardangersaum

To slike små brikker i hardangersaum er blitt til den siste veka. Heilt ferdig er dei ikkje, men nokre dagar til og så skulle det gå bra. Det meste arbeidet no er knappehulls-kanten rundt. Både fordi det er noko "herk", og synet ikkje er det beste lenger.

I mine auge er hardangersøm finast i lin, og sydd med lintråd. Men det er berre for yngre auger utan sjå-glas, ikkje bestemødre med syn som går hit og dit...