lørdag 2. august 2008

Sommar....

Dette er sommaren eg seint gløymer. Skjeldan har vel eg våre så heldig med 4 ferieveker.

Første veka var eg åleine på hytta, før eg henta gromguten på Gardemoen. Og sjølv om guten lengta heim, hadde vi nokre flotte dagar både på hytta og heime blandt pappeskene..

Tredje veka reiste vi to til Sunnmøre til oldebesta og tante Kari, som er søstra mi.

Fjerde veka tilbake til heimen, med gamle mor og guten som skulle avleveres til heimreise. Og enda rakk mor og eg 3 dagar på hytta i årets flottaste dagar......

Kl. 21:30 torsdag kveld, heimreise frå hytta.

Litt håndarbeid blir det, sjølv om det å strikke i sommarvarmen ikkje er like enkelt alltid. Dette er resten av gamle kleshengare.

Den gamle gyngestolen har fått ei ny pute i sommar. Måtte ha litt skarpe og glade fargar. Alt er restegarn i forskjellige baby-garnkvalitetar.


Gromguten heime hjå tanta Kari. Dette var 7. året vi besøkte dei ei veke om sommaren. No er det ekstra moro, når det er komt barnebarn der i heimen også.


På stranda med ein haug med små slektningar. Dette var ein kjempefin dag, der både små og store var ganske utslitt når kvelden kom. Dagen blei avslutta med kalas hos oldebesta.... nysteikte sveler...........


Eit baby-teppe som er blitt til litt etter litt, på hytta. Må alltid ha noko liggande der....
Dette er også restegarn, samme som puta.


Vi prøvde oss på krabbefiske frå kaikanten. Utan hell.. Kansje var vi ikkje tolmodige nok.






8 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

For nokre herlege sommarbilder! Eg likte godt teppet og puta som du har hekla. Det ser kjekt ut å lage trekk til kleshengarar også! Moro med sånne småprosjekt.

Laila Kristin sa...

Kjekt med ei oppdatering. Takk for sist og håper begge tek turen neste sommar også:)

9na sa...

Hyggelig sommer altså! JA, denne sommeren har vært topp...!

Anne-Berit sa...

Heisan,der var du tilbake.Og for noen herlige ferieuker du har hatt.Og det første bildet ditt er jo bare så utrolig vakkert med fantastiske farver.Det er herlig med barnebarn.I går var vi på flyplassen og sendte heim 13-åringen vår,var så kjekt å ha han her.Det er vår datters sønn.Hans søster er så stor blitt at ho har somerjobb,så ho var heime.Neste helg reiser vi til Tønsberg og besøker våre tre herlige barnebarn der,hos vår sønn.Gjett om jeg gleder meg.Ha en fortsatt deilig sommer!

Anonym sa...

Så flotte ting du har laga i sommer! Puta passe heilt supert i den gyngestolen :)

Kanskje like greitt at de ikkje fanga krabbar, eg har høyrt dei er fæle å knipe.. hehe..

Hilde C. sa...

Så flotte feriebilder du har tatt. Det er godt å høre at du har hatt en flott sommerferie :-)

Anonym sa...

Herlige kleshenger "jakker". Sånne vil jeg lage meg og!!!!! Takk for koselig hilsen i bloggen min forresten=D

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.