onsdag 30. november 2011

Skjerf



Dette deilige skjerfet er julegåve til meg sjølv. Litt egoistisk må man være.

Strikka i Puno Melange frå Rauma. Ein skikkelig draum av ein blanding: Baby Alpakka, Merino og litt Polyamid.

Rillestrikk fram og tilbake nesten 2 nøster. Så ein enkel heklekant rundt til slutt.


Herleg !

tirsdag 29. november 2011

Prince-klær..

Babysett i blå-turkis, no når vi veit at den er ein liten prince som er ventande.
Strikka i Sandnes ull og mønster fra Families Håndarbeid nr. 29, 2011.
Str. 0-3 mnd. Så får vi håpe den lille ikkje er like svær som faren var, når han kjen til verda. Då kan farmor fort hive seg på strikkepinnane att..

søndag 27. november 2011

Sure haustdagar...

I morgon er det 1. søndag i advent. Kven skulle tru det når ein ser ut vinduet... No har "Berit" rast frå seg her på desse kantar, og ein kan ane ein stille og koselig heime åleinekveld. Huset har fått litt adventsstemning og strikketøyet er innen rekkevidde...


Tidligare denne veka hadde eg nokre dagar på hytta. Og det var då "Berit" hadde si storheitstid. Då er det godt å kunne fyre i ovnen, fylle tekruset og finne strikkepinnane. Det blir dårlig søvn, men desto meir strikking og lesing på slike dagar.
Når storsjøen bryt som verst er det verkelig eit fasinerande syn !


Ha ei fortryllande flott helg alle saman...

lørdag 12. november 2011

Flaskenisser..

Desse fire små er komt til i løpet av hausten. Blir nok julegaver...
Er strikka i Fritidsgarn, og tova 2 g. i vaskemaskina på 40 grader.


God helg til alle bloggere !


onsdag 9. november 2011

Ein Prins


Babyen blir ein liten prins, og små prinser må ha klær. Her er hjelm, votter og sokker i str. o-3 mnd. Strikka i Sandnes babyull. Fleire små gutteklær er på strikkepinnane....


Kjem etter kvart.