onsdag 11. september 2013

Fargeblind eller sløv....


Ja, av og til kan ein lure litt.... Starten på teppet, 2 ferdige remser, vart til for lenge sidan. På busstur nedover Tyskland - Holland skulle eg fortsette, på det perfekte busstur-handarbeidet... 5 ferdige remser blei det, på 8 dager... Så flott tenkte eg, snart i mål. Vel heime at oppdager eg at den rosa biten var heilt på "vidvanke", og slett ikkje der den burde være...
Så var det å rekke opp, flytte rundt, og montere på nytt...  Ja-ja, no er det på plass att og ferdig montert så langt. Då mangler det berre 2 remser til, det får bli på neste "langt å reise tur", om ikkje så lenge.

tirsdag 3. september 2013

Syvake..

 
Ein lang sommar er til endes, og eg er tilbake på bloggen....  Sjølv om det har vert lite data denne sommaren, så har det vert mykje anna rundt omkring. Handarbeid også...
 
Sist fredagskveld hadde Quiltegruppa syvake. Då møter ein opp med symaskin og tilbehør kl. 18:00, og syr så lenge ein orkar. Litt mat og drikke vert det også tid til, og mykje latter og moro.
Denne vesle veska vart mitt bidrag. No er ikkje rosa "min" farge, men søt var den....

torsdag 4. juli 2013

Katteliv...


Er tilbake på hytta, no med selskap. Susse-Pus er på feriekoloni, sidan matmor driv og flyttar. Og Susse trives. Ute det meste av døgnet, kjem inn av og til, med småfugl-fjør i barten. Er det lite jakt å finne, serveres nykokt sei... Dagar med mykje nedbør er obligatoriske på sofaen, eller i senga med hyttevertinna...  Er det rart vi trives begge to...

GOD SOMMER TIL ALLE DERE ANDRE !

onsdag 5. juni 2013

Hytteliv

Det blir ikkje mykje handarbeid i desse tider, men litt småstrikk før sengetid er ein fin måte å koble av på...Dette skal bli nye oppvask-kluter på hytta..
 
Vi fornyer oss på andre områder også.. Endelig skal den halvferdige terassen bli tatt i bru. Enno ikkje opna for fri ferdsel, men no minkar det. Så skal det kleast under hytta heilt rundt. Det er både penare, og mindre vindfult, en når det står åpent. Det er ikkje til å legge skjul på at når stormen tek tak i hytta, så kjennest det..

mandag 6. mai 2013

Genser til Lillebror


Men den blei altfor stor.... Heldevis er slike små brora stadig i vekst, så det ordner seg nok etter kvart.
Innstrikka lommer på magen, splitt i halsen, og hette.

Mønster frå 70-åra, trur eg..  truleg Dale.
Strikka i Smart frå Sandnes.
Str. 2 år.