Slik føler eg meg i kveld, dansande glad. Er tilbake ein kjapp visitt på ei av mine "gamle" plattformer. Med ein utruleg flott og velsmakande søndagsmiddag, skalldyr i alle fasonger.
Det er alltid kjekt å komme tilbake på visitt, helse på gamle venner, og å treffe nye. Sjølv om denne turen kom litt brått på, var eg kjapp til å takke ja...
Neste gang så ber det nok opp att til Haltenbanken, og det føles også heilt rett. Det er der eg høyrer til no..
Til alle bloggvener... ha ein flott kveld, og ein flott start på ei ny veke i morgon...
søndag 7. oktober 2012
torsdag 27. september 2012
Julegave.....
Litt tidlig å snakke om jula enno, men det er greit kva som er gjort.... Dette er samme grunnmønster som forrige genser. Skal bli gave til ein kjekk liten venn. Håper mora ikkje er innom her så ofte, om ho veit at eg blogger. Ho veit nok at det kjem ein ny gensar kvart år, men ikkje form og farge...
Dette er Smart frå Sandnes, og restegarn..
Dette er Smart frå Sandnes, og restegarn..
tirsdag 25. september 2012
Basargensar....
Barnegensar av restegarn i str. 4 år. Noko nytt og noko gammalt. Er stadig vekk å ryddar i trådlageret, har utruleg mykje liggande. Denne havner nok på basar...
Er strikka i Smart frå Sandnes.
Er strikka i Smart frå Sandnes.
Ein sommar er over....
At sommaren er over, det er det vel ingen tvil om. Om den nokon gong kom skikkelig dette året, det er vel litt tvilsomt. Nokre flotte haustdagar har vi verkelig hatt, som her på hytta mi. Eg har vert der ei lita veke for å gjere klart til hauststormane. For att dei kjem, er det heller ikkje tvil om.
onsdag 19. september 2012
Pledd til haustkveldane..
For leeennnge sidan starta eg på eit strikkepledd på jobben. Men, akk..., så kjedeligt arbeid. Etter fleire runder ut og inn av skapet, blei det til at eg tok det med heim i vår.
Så vart det for nokre veker sidan ei ny historie med ei tå. Ikkje brudd denne gangen, berre 2 brest. Og då vart jo dette eit flott "sitte i ro" arbeid. Medbrakt krykker var eg på ein busstur til Stockholm i denne tida. Trådnøsta blei med, og 2 av ferievenene mine strikka også.
No er teppet ferdig, har fått påhekla "blonde-kant", og ventar berre på ein aldri så liten toveprosess. Må nok bruke ei stor vaskemaskin, så teppet skal få ein ny tur i havet.
Seinare skal det bli koseteppe på terassen, i seine haustkveldar, medan eg nyt tekrus og solnedgang.
Strikkegarn: Tove frå Sandnes. Strikkepinnar nr. 4. Mål: før toving, 1,45 x 1,25.

God helg
Abonner på:
Innlegg (Atom)