torsdag 5. januar 2012

Gul babyjakke..

Ei ny lita babyjakke er ferdig til den nye Prince,en.... Strikka i babyull frå Sandnes. Mønsteret, som slett ikkje kjem så fint fram på bilde, er henta frå noko heilt anna. Grunnoppskrifta er det samme som i den blå/turkise strikka for nokre veker sidan.





søndag 1. januar 2012

Nytt år !

Så har eit nytt år starta, saman med eit nytt strikketøy. Det gamle året blei avslutta med god mat og drikke heime hos husets datter, karnevalsopptog (Kjippen) gjennom byens gater, og fyrverkeri og stiv kuling....
Når ein bur på denne kanten av landet må ein kansje forvente det meste......

Den nye dagen og året, har starta stille og rolig. Måtte 2012 forsette slik.


Ynskjer dykk alle eit flott og kreativt år !

lørdag 24. desember 2011

Nordsjønissen...

Helsar alle sine bloggvener ei riktig God Jul!



mandag 19. desember 2011

Julegavesokker....

Eg har nylig hatt den etter kvart tradisjonelle førjulsveka heim til mor. Det er alltid noko eldre damer vil ha hjelp til når jula nærmer seg, og pakking av julegaver er noko av det...
Mor har 11 barnebarn, dei fleste med samboer/kjæreste.... og 14 oldebarn. Høgt på ønskelista er heimestrikka sokkar, og dei fleste får det....
Slik hang nokre av dei på badet, nydampa og med navnelapp då eg kom. Så då var det berre å ta fatt med innpakkinga......

Ha ei flott førjuls veke rundt omkring, og ikkje slit dokker ut !

fredag 9. desember 2011

Skilpadda Kari

Bunn..







Hovud og hatt...





Skilpaddeskall...







Ferdig montert...

Sist eg besøkte søstra mi, Kari; fikk eg overlevert ein pose garnnøster og eit halvferdig, umontert arbeid.. Orkar du overta dette, eg blir gal. (les: eg får migrene). Ja, då er storesøstre godt å ha. No skal det seiast at Kari er flink med hendene, og får til det meste.. Men så var det tolmodigheita (og migrenene) då... Slik kom det ei mengd halvferdige lappar inn i heimen.






Eg prøvde å dytte det over på husets datter, lokka med både middag og kaker. Etter å ha hekla saman nokre ruter, gjekk resten nesten vegg i mellom... Nei Takk, andre sine halvferdige produkt er det verste eg veit..






Ja-ja, så var det å ta fatt sjølv. Og no er skilpadda på veg heim til Sunnmøre på snølagte vegar..






Ha ei flott helg !