onsdag 13. august 2008
Rød hekla-løpar
tirsdag 5. august 2008
Langtidsprosjekt...
Eg syr opp ein del "blomster-rosettar, før eg legg ubleika kvit i mellom. Rosettane er også eit greit arbeid å ha med på reiser, puttar tøybitane, nål og tråd, og negleklippar i ein liten boks og vips, klar til avgang. Brodersaksa blei beslaglagt etter første forsøk....
Er komt godt i gang, har kansje snart til ei enkeltseng, men så ville eg ha det dobbelt....
Om ikkje tolmodigheita tar slutt før då.
lørdag 2. august 2008
Sommar....
Dette er sommaren eg seint gløymer. Skjeldan har vel eg våre så heldig med 4 ferieveker.
Første veka var eg åleine på hytta, før eg henta gromguten på Gardemoen. Og sjølv om guten lengta heim, hadde vi nokre flotte dagar både på hytta og heime blandt pappeskene..
Tredje veka reiste vi to til Sunnmøre til oldebesta og tante Kari, som er søstra mi.
Fjerde veka tilbake til heimen, med gamle mor og guten som skulle avleveres til heimreise. Og enda rakk mor og eg 3 dagar på hytta i årets flottaste dagar......
Kl. 21:30 torsdag kveld, heimreise frå hytta.
Litt håndarbeid blir det, sjølv om det å strikke i sommarvarmen ikkje er like enkelt alltid. Dette er resten av gamle kleshengare.
Den gamle gyngestolen har fått ei ny pute i sommar. Måtte ha litt skarpe og glade fargar. Alt er restegarn i forskjellige baby-garnkvalitetar.
Gromguten heime hjå tanta Kari. Dette var 7. året vi besøkte dei ei veke om sommaren. No er det ekstra moro, når det er komt barnebarn der i heimen også.
Første veka var eg åleine på hytta, før eg henta gromguten på Gardemoen. Og sjølv om guten lengta heim, hadde vi nokre flotte dagar både på hytta og heime blandt pappeskene..
Tredje veka reiste vi to til Sunnmøre til oldebesta og tante Kari, som er søstra mi.
Fjerde veka tilbake til heimen, med gamle mor og guten som skulle avleveres til heimreise. Og enda rakk mor og eg 3 dagar på hytta i årets flottaste dagar......
torsdag 26. juni 2008
Tilbake på nettet, nesten....
Så er eg delvis tilbake på nettet, etter den store flyttesjauen. Heime er enno ikkje telefon og data kobla, då er det godt at man skal på jobb mellom øktene.Ikkje er det noko spennande og fotografere der heller. Det er liksom pappesker som tar mest plass enno, men det skal bli betre.
Ein svoger sa det så flott under største sjauen: hadde ikkje du hatt så mange bøker og alt dette handarbeidet, så hadde flyttinga vert ein enkel jobb.
Når det vert litt meir orden i heimen får vi komme tilbake til fotograferinga.
Ynsker alle blogg,ere ein fin sommer og god helg...
tirsdag 3. juni 2008
Flytte-sjau....
Her blir det ein aldri så liten pause ei veke eller to, til eg har fått innstalert meg i den nye heimen og funne at pc,en.
Til alle dykk som er innom: Ha fortsatt ein kjempefin sommar, nyt dagane og kos dokker....
Abonner på:
Innlegg (Atom)