søndag 8. desember 2013
Mariusgenser og hue..
lørdag 30. november 2013
Teppe..
Teppet er ferdig, klar til vask, og bitte litt toving.
Er strikka i Tove frå Sandnes, på pinner nr. 4. Skulle bli teppe på den nye hytteverandaen, men så blir det nok julegave i staden for.... Er eit bereist teppe, deler av det har vært på busstur nedover Europa, tur over til Canada, og siste rest blei unna på flytur til Bodø.. Har meir garn i posane mine, så det blir nok fleire tepper..
tirsdag 26. november 2013
Ute i den store verden...
Av naturlege grunnar så kunne ikkje princen huske farmor. Og han lurte nok litt på desse to damene (ei veninne)som kvar morning kom opp kjellertrappa. Men det tok ikkje lang tid å opprette kontakt.. Slik "kjøp og salg" må være heilt tillatt for bestemødre, her prøver vi ut eit puslespel med dinosaurar...
mandag 30. september 2013
På reisefot....
Julestrømpe med navn...
Votter, også med navn... str. 1-3 år i Lanett
Bomullsgenser i Sandnes Petit... str. 2 år
Farmor er på reisefor. I morgon starta turen til Canada, og vesle Gavin. Då er man berre nødt til å ha med litt gaver i veska.
Den svært store julestrømpener er strikka etter eit kopi frå "lisjesysta". For meg ukjent opphav. Skulle strikkast i Rauma, men eg har valgt Smart. Der det står God Jul på eine sida har eg strikka inn navnet på motsatt side...
Harepusvotter strikka i Lanett. Desse blei søte, men pirkete å strikke. Likar nok betre større strikketøy på pinnane. Sokkar skal det også bli, dei utan navn. I denne stund er det ein halv sokk att, det må gå bra...
Gensaren er strikka sist jobb-periode. Den er ikkje heilt etter oppskrifta, eg valgte å strikke det meste på rundpinne, og glattstrikk. Er nok ikkje så overbegeistra for bomull, føler att eg ikkje får sømmane så fine..
Trådnøster og pinnar er med på turen, dessutan har eg funne den flotte strikkebutikken der borte..
Ønsker alle flotte haustdagar her heime...
onsdag 11. september 2013
Fargeblind eller sløv....
Ja, av og til kan ein lure litt.... Starten på teppet, 2 ferdige remser, vart til for lenge sidan. På busstur nedover Tyskland - Holland skulle eg fortsette, på det perfekte busstur-handarbeidet... 5 ferdige remser blei det, på 8 dager... Så flott tenkte eg, snart i mål. Vel heime at oppdager eg at den rosa biten var heilt på "vidvanke", og slett ikkje der den burde være...
Så var det å rekke opp, flytte rundt, og montere på nytt... Ja-ja, no er det på plass att og ferdig montert så langt. Då mangler det berre 2 remser til, det får bli på neste "langt å reise tur", om ikkje så lenge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)